Inviterer til Kafé Snurrepiperier

Kanskje er dette bileta frå Hole, Parr og Bjørdal kring 1985 eitt av dei som blir å sjå i oppstørra utgåve under Kafe Snurrepiperier.

Kanskje er dette bileta frå Hole, Parr og Bjørdal kring 1985 eitt av dei som blir å sjå i oppstørra utgåve under Kafe Snurrepiperier.

Laurdag 9. april inviterer Sunnylven Bygdekvinnelag til Kafé Snurrepiperier, i år for 16. gong (?)

Kafé Snurrepiperier på Sunnylven samfunnshus opnar laurdag 9. april klokka 11.00 , fortel leiar i bygdekvinnelaget, Anne Grete Hjelmeland Hole. Der har laget både gode varer i kafeen og ei interessant utstilling av både bilete og film.

Denne dagen sel Sunnylven Bygdekvinnelag brennsnut, kaffi og kaker. Utstillinga har gamle bilete som laget har fått låne frå Stranda Sogelag og laga større utgåve av og ramma inn. Desse vil bygdekvinnene gje vekk til heldige mottakarar når utstillinga er over.

Anne Grete Hjelmeland Hole fortel at det også blir vising av gamle foto etter hobbyfotograf Torvald Hauge. Desse er lagt over på CD og vil «rulle og gå» som lysbilete under arrangementet. Det same vil «Sunnylvsfilmen», ein film oppteken av Olav Bruknapp som var vikarprest i Sunnylven og Geiranger i 1954 – 55.

Bruknapp fekk ikkje stillinga som fast prest i soknet, men vikarierte her i ni månader. I den tida gjorde han opptak til «Sunnylvsfilmen» som viser folk og daglegliv i prestesoknet då. Filmen fekk økonomisk støtte av Heradstyret i Sunnylven og vart ferdig i 1958. Den er utan lyd, men digitalisert og blir vist under Kafé Snurrepiperier på samfunnshuset .

Sunnylven Bygdekvinnelag ynskjer alle vel møtt til ein triveleg kafé og ei fin utstilling på Sunnylven samfunnshus laurdag 9. april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380