Jenter 16 opnar fotballsesongen

Fredag 15. april startar poengjakta i fotball på Hellesylt stadion. Då møter Sunnylven jenter 16 år Valldal i årets fyrste kamp.
Knut Dag Langeland og Jens Arve Forbord er trenarar for J16-laget i år, ein solid forsvarsspelarar og ein superspiss på Sunnylven sitt A-lag for nokre år tilbake.
-Blir det ein forsvarskamp mot Valldal, eller får publikum også oppleve at heimelaget skårar mål, var fyrste spørsmål vi stilte trenar Knut Dag Langeland på telefon. Spørsmålet kunne han ikkje gje eit sikkert svar på, det var tidleg i sesongen så Langeland var usikker på kvar laget stod. Men han håpa sjølvsagt at Valldal ikkje skåra fleire mål enn Sunnylven greidde.
Til no hadde det blitt med ei trening i veka for J16 som har ti spelarar og stiller som 7-ar lag.
–Vi er klare og Hellesylt stadion er grøn og fin så komande fredag kl. 19.00 blir fotballsesongen sparka i gong mellom Sunnylven og Valldal. Kampen er i forståing med Valldal flytta til klokka 19.00 grunna korpsøving. I Sunnylven skjer det mykje for ungdomen heile året, seier Langeland som håpa mange kjem og ser kampen.
Andre tidlege kampar.
Vi tek også med opningskampar på Hellesylt stadion for andre av Sunnylven sine lag.
J11 5-er: Onsdag 20. april. Sunnylven – Guard
J13 7-er: Torsdag 21. april. Sunnylven – Blindheim
G14 9-er: Tysdag 26. april. Sunnylven – Ravn.
G11 7-er: Tysdag 3. mai. Sunnylven – FK Sykkylven
Opningskampar for G 07, J 07 og J 09 er ikkje klare enno.
Damelaget Stranda/Sunnylven
Sunnylven og Stranda samarbeider om damelag i 3. divisjon. Laget opnar borte mot Herd2 21. april. Fyrste heimekamp på Hellesylt stadion er mot FK Sykkylven onsdag 27. april.