Knuser gamle bygg på Hellesylt

På Hellesylt er Møre Miljøsanering AS i gong med å fjerne tre gamle brakkebygg ved Grand Hotell. Seinare står deler av meieriet for tur.
Det var dårleg standard på bygningane som no blir rivne. Trebygga som tidlegare var bruk som motellrom hadde både mugg og råteskadar, fortel Espen Høidal i Møre Miljøsanering. Motellfløya som er av betong skal bli ståande.
Med ei stor spesialmaskin blir bygningane knust og lasta over i store konteinerar. Alt blir køyrd til Stranda der trevirke blir karva opp og nytta til brennved, resten går til anlegg i Ålesund for gjenvinning. Espen Høidal og kollega Svein Erik Dale reknar med å vere ferdig med denne jobben før fyrste mai.
Seinare i år skal dei starte på riving av deler av meieriet på Hellesylt. Høidal reknar med at rivingstillatelse går i orden og at arbeidet kjem til å starte etter turistsesongen i august / september. På meieriet skal alle nyare påbygg fjernast, berre det gamle, det som i dag har kvite veggar skal stå igjen.