Lokalnytt

Krusa Sunnmørsfjordar med «Sunnylvsfjord»

Den guida turen starta frå småbåthamna på Stranda
Den guida turen starta frå småbåthamna på Stranda

Turen frå Hellesylt til Stranda tok ein liten halvtime torsdag. Vi går på sparefart, sa skipper Frank Bonsaksen før han gav gass og vi rasa utover med Rib-båten «Sunnylvsfjord».

Oppdraget torsdag var guida tur på Storfjorden med mellom anna brettkøyrar Terje Håkonsen om bord. Saman med eit par andre frå The Arctic Challenge har han sett på forholda på Strandafjellet for snøbrettkonkurranse.

Unikt terreng

Tidlegare år har The Arctic Challenge blitt arrangert i Lofoten, men i mars/april 2017 blir det Strandafjellet, fekk vi oss fortalt. Der er forholda flotte, slo Terje Håkonsen fast og meinte at berre Voss var like bra. Mange stader er det terreng som egnar seg for snøbrettkonkurransar, men heisanlegga og det stor alpine terrenget på Stranda var unikt.

Alternative aktivitetar

Håkonsen og mellom anna dagleg leiar i The Arctic Challenge, Trude Lerfald hadde også sett på mulegheiter for andre aktivitetar enn snøbrettkøyring i området. Det vil gjerne kome dagar då veret gjer at det ikkje går ann å køyre snøbrett, så då må utøvarane ha andre ting å gjere enn å sete på eit hotellrom, sa han og nemnde mellom anna mulegheiter for fisking . Dagen etter skulle dei ut til havet til Alnes for å sjå på bølgesurfing. Men torsdag fekk dei seg demonstrert at sightseeing og guida tur på Storfjorden med Rib-båt også var noko å få med seg.

Dyktige guidar på turen heilt tilbake til Åkerneset og Oaldsbygda var både Bente og Frank Bonsaksen. Historiene om hendingar og livet på fjellhyllene i Storfjorden er mange og dramatiske, og nye kjem til. Også fjellet som var opphavet til filmen «Bølgen» blir ein ny turistattraksjon.

Ville sjå systrene

Å køyre Rib-båt i flotte Sunnmørsfjordar er ei oppleving. Det er ei erfaring hellesylt.info sin utsende har gjort etter å ha rasa Storfjorden og Geirangerfjorden fram og tilbake torsdag 7. april. Vi saman med fire andre var invitert på tur med «Sunnylvsfjord» for å vere med på turen til Stranda. Vi troppa opp i småbåthamna på Hellesylt og der vart vi fleire. Tilfeldigvis kom eit engelsk par og lurte på om skipper og båteigar Frank Bonsaksen kunne ta ein tur til «Dei sju systre» i Geirangerfjorden. Ikkje noko problem, men bli med på Stranda fyrst. Dei slo til på tilbodet.

Etter oppdraget på Stranda starta heimreisa i sparefart, tretti knop eller vel halv fart. Det engelske paret fekk sjå det kjente fossefallet i Geirangerfjorden som ikkje var på det øsnaste denne dagen. Når vårsmeltinga startar blir det nok betre. Og her var Ribben i kjent farvatn, her vart han døypt «Sunnylvsfjord» i påska. Nesten så vi kjende duft av champagne enno.

Daglege turar

Då dei langvegsfarande turistane ikkje hadde sett Geiranger heller før, vart turen forlenga dit med kaffi på Posten. Frå Stranda til Geiranger med innlagt kaffipause i Geiranger tok turen tilbake til Hellesylt ca. nitti minutt.

Frå 28. mai startar familien Bonsaksen faste daglege avgangar med Rib-båten frå Hellesylt klokka 14.00. Minimum fire personar må vere med om tur skal utførast, og påmelding til www.bonseye.org seinast 24 timar før, får vi opplyst.

Bente Bonsaksen til høgre hjelpte med guiding på båtturen.
Bente Bonsaksen til høgre hjelpte med guiding på båtturen.
På rundturen til Stranda, Geiranger og tilbake til Hellesylt hadde båteigar engele
På rundturen til Stranda, Geiranger og tilbake til Hellesylt hadde Frank Bonsaksen t.h. seks engelsktalande passasjerar
På tur med Rib-båt. Framme til venstre; Randi Ansok. Bak; Bente Bonsaksen, Trude Lerfald, Frank Bonsaksen, Terje Håkonsen, Lisbeth Koppang, Silje Sandø.
På tur med Rib-båt. Framme til venstre; Randi Ansok og Joe Cavanagh.
Bak; Bente Bonsaksen, Trude Lerfald, Frank Bonsaksen, Terje Håkonsen, Lisbeth Koppang, Silje Sandø.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380