Markerer Verdens bokdag

I februar fekk borna i barnehagen låne bøker ved Sunnylven bibliotek og laga sitt eige Trollhola bibliotek

I februar fekk borna i barnehagen låne bøker ved Sunnylven bibliotek og laga sitt eige Trollhola bibliotek

I Sunnylven Barnehage blir Verdens bokdag markert 26. april. Og ved Sunnylven bibliotek kan ein vinne stort gåvekort.

Verdens bokdag er laurdag 23. april. Den vil foreldrerådet ved Sunnylven barnehage markere saman med borna og til inntekt for Sunnylven bibliotek.

I biblioteket på Hellesylt har barnehagen fått låne mange kjekke bøker, ikkje minst då dei laga sitt eige bibliotek i lokala i Trollhola.

Vil låne fleire kule bøker

På tysdag 26. april når borna blir henta frå ca. klokka 14.30 og utover, vil borna stå klare med vaflar, saft og kaffi. –Kjøp og vel sjølv kva du vil betale. Pengane som kjem inn vil vi gje til Sunnylven bibliotek slik at borna har ein stad dei kan få låne endå fleire kule bøker, heiter det i skrivet frå foreldrerådet.

Dei håper alle synest det er ein god ide for å støtte ei god sak, og oppmodar til å ta med ei bestemor, ein bestefar eller ein god nabo som også kan få vere med og kose seg i barnehagen med noko godt.

Kan vinne gåvekort

Også ved Sunnylven bibliotek blir Verdens bokdag markert tysdag 26. april. Biblioteket er ope mellom klokka 16.30 – 18.30 og alle born mellom 4 år og 16 år som kjem innom i den tida og låner bøker blir registrert og er med i trekning av eit gåvekort på 300.-kroner. Gåvekortet kan vinnaren bruke ved kjøp av bøker i alle bokhandlar.

Alle i Sunnylven barnehage hadde stor glede av bøkene dei fekk låne. Dei håper å få låne fleire kule bøker også seinare.

Alle i Sunnylven barnehage hadde stor glede av bøkene dei fekk låne til biblioteket sitt i februar. Dei håper å få låne fleire kule bøker også seinare.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380