Ny støypekant neste ved Vardegjølet

Statens Vegvesen har gjort ferdig utvidinga av vegbana ved Vardegjølet. Fyrste lag asfalt er lagt og no står ny glidekant for tur.
Vegen forbi Vardegjølet er utvida noko og vegbana forsterka. I grøfta er det sett ned ein ny kum og lagt dreneringsrøyr for å lede vekk vatnet, fortel Arne Leikanger i Statens Vegvesen. Arbeidet gjekk etter planen, og stenging av vegen førte heller ikkje til store problem. Einaste tilfelle var at bossbilen ikkje kom igjennom eine dagen. Leikanger er glad for at fastbuande i området samarbeidde slik at arbeidet kunne gå uhindra.
Det som står igjen er ny glidekant og eit ekstra lag asfalt, seier Leikanger. I veke 21. blir arbeidet med glidekant starta opp. Den gamle glidekanten blir saga vekk og ny blir støypt med glideforskaling. Det kan bli 2 – 3 dagar med periodevis stenging av vegen, både på dagtid og på kveld/natt.
Vegen forbi Vardegjølet er trygg. Alle undersøkingar av mure som var laga kring 1940 viser ingen skadar. –Dei gjorde godt arbeid i gamle dagar , seier Leikanger. Men isen i hammaren om vinteren blir ein nok ikkje kvitt utan ekstra tiltak, trur han. Det vil Vegvesenet sjå litt nærare på.