Ny toppartist til Hellesyltdagane

Magnus Clausen, kjent som artisten Morgan Sulele kjem til Hellesyltdagane.

Magnus Clausen, kjent som artisten Morgan Sulele kjem til Hellesyltdagane.

Morgan Sulele kjem til Hellesyltdagane søndag 10. juli for å halde gratiskonsert. Nedenfor er presseskriv, bilete og videolenkjer på Morgan Sulele.

Tidlegare er det kjent at artist Rune Larsen kjem på utescena under årets Hellesyltdagar. Når no Morgan Sulele også «dukkar opp» er komiteen for Dagane strålande nøgde med å ha fått på plass to så kjende namn som skal halde gratiskonsert både laurdag og søndag.

-Morgan Sulele meiner at du berre er han sin, og med nummer #1 på Spotify har ein ingen argument imot. Under Hellesyltdagane vil han halde konsert på utescena søndag!

I fleire år har Magnus Clausen, betre kjent som Morgan Sulele, levert låtar til både festlege og rølpete høve. Med ei etablert fanskare som strekkjer seg godt innanfor russemiljøet etter fleire titalls russelåtar, signerte han platekontrakt med Universal Norge før jul. Fanskaren har berre blitt større, og er no frå barnehagealder til voksne i sin beste alder.

Debutsingelen «Rist Meg» med Katastrofe kom i april, og i slutten av mai kom den store sommarhiten «Bare Min», som etter to veker låg på 3. plass på VG-lista, og  sendte han rett til VG-liste-showet på Rådhusplassen, med 80.000 tilskodarar. Låta «Bare Min» har blitt streama på kryss og tvers i Norge, og har til no nærare  20 millionar avspelingar på Spotify.

Bak kulissene er Magnus Clausen ein eminent låtskrivar, og har delteke på verk som Samsara, Supernova, Elak Elak og Langt igjen å gå, for å nemne nokon.

I 2015 kom Morgan Sulele inn på Spotify si liste over «Top 5 mest spilte norske artister i Norge 2015»

Video:

Bare Min:

 

Fra Rådhusplassen 2015 forran 80.000 mennesker:

https://www.youtube.com/watch?v=HApxhz5SwLg

Gå inn på menylinja oppe «Sommardagar på Hellesylt» og les om det komiteen for Hellesyltdagane har på plass av program og aktivitetar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380