På læring i gamleskulen

Det vart ein skuletime i den gamle skulestova på Hellesylt for elevar ved Sunnylven skule tysdag. Der er mykje spanande, også gamle skulepultar.
Det er kort veg frå barne –og ungdomsskulen til den gamle skulestova på Hellesylt. Der står pultar, kateter og mykje anna som vart brukt i undervisninga i «gamle dagar» frå skulen bar bygd i 1898 til den gjekk ut av bruk i 1955. Og det var nettopp skular og kva ein fekk oppleve der i gamle dagar som var tema for dei 14 elevane til lærar Inger Marie Bakke frå 1. og 2. klasse.
Vi trur det vart ein kjekke time, og den høge vedomnen hadde gjort sitt og laga det lunt og varmt i skulestova. Og elevane fann seg godt til rette på dei litt spesielle skulepultane etter det vi kunne sjå.