Peer Gynt Galleriet opnar

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt opnar for sesongen 1. mai.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt opnar for sesongen 1. mai.

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt blir dagleg ope frå 1. mai. Men alt torsdag 28. april blir årets fyrste potetballmiddag å få kjøpt i kafeterian ved kunstsenteret.

Styret i Peer Gynt Galleriet AS har halde møter og planlagt for opning og turistsesongen. Frå 1. mai blir det dagleg ope for omvising i kunstgalleriet og sal av mat og drikke i kafeterian. Opningstider i starten blir mellom kokka 10.00 og 18.00.

Monica Rødven bur i Valldal og held fram som dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet. Reisa til og frå går greitt, seier ho og ho gler seg til å kome tilbake til Peer Gynt Galleriet og treffe kjente på Hellesylt. Ho håper mange kjem innom, både for å kjøpe mat i kaféen, men også for å sjå dei fantastiske Peer Gynt-relieffa av kunstnaren Oddvin Parr og høyre multimediashowet med kommentar av skodespelar Dennis Storhøi.

I tillegg til fastbuande og reisande gjester tek Peer Gynt Galleriet mot både store og små arrangement, som åremålsdagar, barnedåp, møter og liknande. Ta kontakt på tlf. 951 20 670. 

Monica Rødven gler seg og ser fram til jobben som dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet

Monica Rødven gler seg og ser fram til å jobbe ved Peer Gynt Galleriet også i sommar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380