Samla 40 tonn verdfullt rusk.

Onsdag var det ryddedag i Sunnylven. Og mengda spesialavfall og grovavfall var like stor i år som tidlegare.
Dei kom mannsterkt både frå Årim og Stranda Gjenvinning & Transport, men fekk ein travel dag med å ta unna frå hengarar i alle storleikar. Øystein Solevåg frå Årim fortalde om stor pågang av avfall spesielt i starten og meinte at mengda avfall var like stor i år som tidlegare, rundt 40 tonn.
Solevåg er glad folk leverer inn og ikkje kastar det i naturen. Spesielt farleg avfall som olje, måling, batteri, lyspærer er viktig at folk leverer inn slike dagar. Og elektriske artiklar som kjøleskap, varmeomnar og anna elektronisk utstyr, fjernsyn og datamaskiner er også verdfulle ting sjølv om dei ikkje virkar. Alt går til gjenvinning i ei eller anna form. Også mykje metall vart teke imot, fortel han.
Blir sortert for gjenvinning
Den mobile miljøstasjonen tok også mot dekka i alle storleikar. Dei blir henta av leverandøren og blir til nye dekk eller blir karva opp til granulat og nytta på kunstgrasbane, fortalde Solevåg. -Ditt avfall, ein skatt for andre-, heiter det i brosjyra frå Årim.
Alt som vart samla inn i Sunnylven onsdag skulle køyrast til Stranda. Der blir det sortert og sendt vidare til ulike stader for gjenvinning.
Liknande innsamlingar blir gjennomført fleire stader på Sunnmøre, på Haramsøy, Lepsøy, Fjørtofta og delevis i Geiranger. Og Solevåg lovar at dei kjem tilbake til Sunnylven for ny innsamling neste år.
Konteinar for landbruksavfall.
Landbruket er ein stor leverandør på slike dagar, både gamal gjerdenot, takplater og ulike landbruksreiskap. Dagleg leiar ved Stranda Gjenvinning & Transport, Arnstein Sve sa at selskapet vurderer å plassere ut konteinarar i Sunnylven slik at bønder kan få kaste avdanka utstyr heile året. Det blir kunngjort seinare om ei slik ordning, som ville vere svært nyttig blir sett i verk.