Siste konkurransehelg på ski

I helga dreg desse både til Molde og ÅL for å konkurrere. Frå venstre; Kristine Hjellbakk Hole, Kasper Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Johanne Ringdal Sæter, Anniken Hjellbakk Hole og Lone Ringdal. (Foto frå arkivet)

I helga dreg desse både til Molde og Ål for å konkurrere. Frå venstre; Kristine Hjellbakk Hole, Kasper Ringdal, Inger Ringdal Sæter, Johanne Ringdal Sæter, Anniken Hjellbakk Hole og Lone Ringdal. (Foto frå arkivet)

Vinteren held på å smelte bort og konkurransesesongen på ski er på hell. Komande helg er siste store med startnummer.

I Møre og Romsdal samlast langrennsløparar til sesongavslutning ved Skaret skisenter, Molde. Laurdag 9. april er det sprint, og dagen etter klassisk jaktstart.

Dette er også siste rennet i Sparebanken Møre Cup og klassevinnarane skal få sine premiar. Alt no er det klart at Sunnylven IL vil få to vinnarar, Kristine Hjellbakk Hole toppar poenglista i Jenter 14 år, og Anniken Hjellbakk Hole det same i Kvinner senior. Det er usikkert om Anniken rekk start i rennet grunna møte i skikretsen.

Skiskyttarfestival i Ål

Skiskyttarane i Sunnylven IL går også siste renn komande helg. Fleire kan vise til gode resultat i vinter, andre har sjukdom vore ein uønska konkurrent. Som avslutning på sesongen dreg fem løparar og leiarar til Ål i Hallingdal der Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival blir arrangert 8. til 10. april. Dei fem er Johanne Ringdal Sæter i J11 nybyrjarar og eldre, Elias Helset G11, Lone Ringdal J11, Kasper Ringdal G15, Inger Ringdal Sæter J16. Skiskyttarfestivalen i Ål i Hallingdal er verdens største skiskyttarrenn.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380