Sjuande beste etappetid.

Inger Ringdal Sæter gjekk nok eit godt løp i Hovedlandsrennet for 15. og 16-åringar i skiskyting. På tredje etappe for J16 Sogn og Fjordane SSK hadde ho den 7. beste etappetida av 22. lag.
Jentene på stafettlaget i skiskyting frå Sogn og Fjordane SSK lukkast ikkje heilt på avslutningsdagen i Målselv. Det vart 15. plass av 22. stafettlag på Anne Marie Roset, Kari Alsaker, begge Markane IL og Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL. Laget kom i mål 6.10 etter vinnarlaget Hedmark SSK lag 1.