Lokalnytt

Skuletrapp ferdig mura

Litt bratt, men elles ei god trapp å gå, tykte styremedlemane Roar Ljøen og Eldrid Skrede.
Litt bratt, men elles ei god trapp å gå, tykte Roar Ljøen og Eldrid Skrede.

Frå bedehussvingen ned til gamleskulen på Hellesylt hadde skuleborn ein snarveg då skulen var i bruk. No er der mura gåande trapp.

Det har blitt diskutert om råsa frå bedehussvingen til gamleskulen på Hellesylt berre var ei rås eller ei mura trapp. Lite var i alle fall igjen av natursteinstrappa om den har vore der. Berre nokre trin øverst oppe var gåande.

Styret i Gamleskulens aktivitetsmuseum gjorde vedtak om at det skulle anleggjast ny natursteinstrapp i snarråsa til skulestova på Hellesylt. Under sprenging av den nye parkeringsplassen på Flofjellvegen var gode natursteinsheller å mure av og no er heile trappa ferdig. Litt bratt, men elles ei god trapp å gå, tykte styremedlem i gamleskulen, Roar Ljøen som var med på murararbeidet. Eldrid Skrede som også er med i styret var samd i muraren sin konklusjon, men kunne tenkt seg eit rekkverk på eine sida å halde seg i. Kanskje sak på neste styremøte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380