Snart større parkeringsplass

På Flofjellvegen ved Vollset er arbeid i gong med å utvide parkeringsplassen. Ferdig opparbeid vil der bli plass til inntil 25 bilar.
Den tidlegare parkeringsplassen like før Lurane på Vollset blir utvida i ei lengd av ca. 70 meter. Hellesylt Bil og Maskin AS er godt i gong med arbeidet som skal vere ferdig til 13. mai. Alt fjell i området for parkeringsplassen er sprengt ut og klart for vekkøyring.
Det er Stranda kommune som har inngått avtale med grunneigarane i området om utviding av parkeringsplassen. I tillegg til opparbeiding av større parkeringsareal vil det bli grusing og legging av nye stikkrenner etter Flofjellvegen så langt løyvingane frå Direktoratet for naturforvaltning rekk, opplyser næringssjef Inge Bjørdal. Ordninga det er bevilga pengar frå er –Offentleg sikring av friluftsformål-.
Har ambisjonar om meir
På området ved parkeringsplassen er det planlagt å plassere både kvilebenkar og ei informasjonstavle, og i tillegg blir det no undersøkt om ein kan få til ei løysing med toalett med straum frå solselle og batteri. Her må det gjerast avtalar, kanskje med eit lag/organisasjon om tømming og reinhald som er svært viktig, seier Bjørdal og legg til; Eg har meint at dette er eit godt og viktig prosjekt, og vi har sjølvsagt ambisjonar å gjere meir etter den flotte turvegen, gjerne i samarbeid med naboane på andre sida av fylkesgrensa. Men så langt er eg strålande fornøgd, seier næringssjef Inge Bjørdal.