Lokalnytt

Storflaum fylte laksetrapp med grus

Glenn Vernersen i elva like ved der eit svaberg er sprengt vekk. Laksetrappa som vart fylt med lausmasse ser ein litt av midt på bildet
Glenn Wernersen i elva like ved der eit svaberg er sprengt vekk. Laksetrappa som vart fylt med lausmasse ser ein litt av midt på bildet

I den øvre delen av den lakseførande Korsbrekkeelva har elveeigarane gjort utbetringar. No håper dei at storflaumar ikkje skal fylle laksetrappa med stein og grus igjen.

Det måtte minigravar til for å reinske opp i den andre laksetrappa i Korsbrekkeelva etter storflaumen i haust. Heile trappa var fylt med stein og grus som kom i flaumen, og i tillegg vart betongveggar i laksetrappa skada, fortel formann i Korsbrekkeelva elveeigarlag, Glenn Wernersen. Det vart eit storarbeid som dei håper å unngå etter komande flaumar.

Etter konferanse med Kåre O. Myre som har mellom anna laksetrapper som sitt fagfelt, og med løyve frå fylket og NVE har elveeigarlaget fått sprengt vekk deler av ein fjellskolt for å lede vasstraum med stein –og grusmasse vekk frå kanalen mot laksetrappa. Om det vil virke etter hensikta får elveeigarane svar på etter neste storflaum. Glenn Wernersen er som alltid optimist og håper at laksen ikkje skal få problem med å gå opp i øvre del av elva.

Snart yngelslepp

Formannen i elveeigarlaget står på svaberget og ser på ei rein og sjukdomsfri elv som renn forbi. Prøver av vatn og stamlaks sist haust viser at Korsbrekkeelva er fri for Gyrodactylus salaris og andre sjukdomar. Om ei veke skal det takast nye prøver før dei fyrste av 100.000 yngel skal setjast i elva.

Det er tidleg yngelslepp i år, seier Wernersen og fortel at det skuldast vasstemperaturen som var forholdsvis høg både i haust og gjennom vinteren. Og i klekkeriet i Husøyna har det vore berre velstand med svært få laksebarn som ikkje har levd opp.

-Det er ei kort, men unik lakseelv vi har ansvar for å halde i hevd. Korsbrekkeelva er på topp i Norge i antall kilo fanga laks pr meter elv. Det viser at det har blitt gjort mykje godt og rett kultiveringsarbeid opp gjennom åra.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380