Talde hjort i natt

Hjort1[1]

.

Natt til laurdag var det hjorteteljing i Sunnylven. I alt 344 hjort vart registrert, dei fleste koller og kalvar.

Ivrige hjortejegerar var på beina klokka 05.00 natt til laurdag 9. april. Då skulle den fyrste hjorteteljinga gjennomførast fram til klokka 07.00.

Det vart mykje dyr å sjå, spesielt i Sunnylvsbygda. Tore Rusten var ein av fleire som fekk ei kort natt natta og var på beina for å registrere. I Nedre Sunnylvsbygda frå Korsbrekke til Frøysa vart det talt 188 hjort, Øvre Sunnylvsbygda frå Frøysa til Vollset vart det registrert 140. Av desse var 120 på Frøysa.

I Langedalen og Nibbedalen var til saman 16 dyr. Dyra gjekk i området Tryggestad/Langeland, fortel Johan Langeland. Han hadde ikkje venta meir denne gongen då det ligg snø enno både i Nibbedalen, på Tronstad og Røyrhus. Totalt antall for den fyrste hjorteteljinga i Sunnylven vart 344 dyr. Det tykte Langeland var mange.

Også Tore Rusten tykte det var mykje dyr, spesielt i Sunnylvsbygda. Han rekna ikkje med at dei vart der heile sommaren og hausten. –Det er vel med hjorten som med folk, dei held seg der det er best å vere. Akkurat no er det best i Bygda-.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380