Tapte nabooppgjøret

Stranda/Sunnylven i angrep, men ballen stryk på utsida av mål.

Stranda/Sunnylven i angrep, men ballen stryk på utsida av mål.

FK Sykkylven vart for sterke og vann 3-2 (3-1)over Stranda/Sunnylven i 3. div kvinner på Hellesylt stadion.

Hellesylt stadion 27. 04-16.

3. div. kvinner; Stranda/Sunnylven – FK Sykkylven 2 -3 (1-3)

Mål Stranda/Sunnylven; Åsta Løfald (33), Kirsti Frøysadal Hauge (54)

Mål FK Sykkylven; Martine Leangen Øyehaug (28), Andrea Sæter (32 – 39)

Domar; Mevludin Ribic, VRF.

Kampen;

Det var FK Sykkylven som starta skåringane på Hellesylt stadion. Laget gjekk opp i to-målsleiing, fyrst ved Martine Leganger Øyehaug i 28. minutt etter eit uheldig utspel frå keeper, og fem minutt seinare vart leiinga dobla av Andrea Sæter. Like etter reduserte Åsta Løfald for Stranda/Sunnylven og eit trettitals heimepublikum håpa på fleire mål til heimelaget. Men håpet brast då Andrea Sæter donka inn sitt andre for FK Sykkylven seks minutt før pause. Kampen gjekk til pause med 3-1 leiing til gjestane.

I andre omgang starta FK Sykkylven med høgt press på heimelaget, men utteljing vart det ikkje. Storskårar, men ikkje skadefri Kirsti Frøysadal Hauge kom inn for Stranda/Sunnylven, og det skulle gå berre ni minutt før årsets fyrste seriemål satt i nota, eit langskot og høgt utanfor rekkevidd til ein elles god Sykkylvsmålvakt. Fleire mål vart det ikkje så Stranda/Sunnylven vann andre omgang, men tapte kampen 2-3.

Heimelaget har mange unge spelarar. Dei verkar å vere bra trena, kjappe til beins, men manglar litt det siste i stå-på-krigen fram for mål. Det må kome utover i sesongen, då blir det sigrar og poeng. Lagets beste mot FK Sykkylven var Anniken Hjellbakk Hole. Stor fart, god kondisjon og med både i forsvar og angrep. Stor kamp.

Domar var Mevludin Ribic, VRF. Kanskje kunne han peika på straffemerket for heimelaget i fyrste omgang, men elles god kampleiing.

Laga går til pause på eit kjøleg Hellesylt stadion med leiing 3-1 til FK Sykkylven.

Laga går til pause på eit kjøleg Hellesylt stadion med leiing 3-1 til FK Sykkylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380