Lokalnytt

Til finalen i musikktevling

Her er alle komponistar frå Sunnylven skule saman med Marianne Hafsaas frå kulturskulen. Komposisjonen deira nådde finalen i Veslefrikk.
Her er dei fleste komponistane frå Sunnylven skule saman med Marianne Hafsaas frå kulturskulen. Komposisjonen deira nådde finalen i Veslefrikk.

Elevar frå 5. klasse ved Sunnylven skule komponerte sin eigen musikk og vart ein av seks finalistar i konkurransen om Veslefrikkprisen 2016 som er ei nasjonal tevling.

Heile 1764 born frå mange skular rundt om i landet deltok i den nasjonale komposisjonskonkurransen Veslefrikkprisen 2016. Å kome heilt til finalen og bli mellom dei seks beste i landet er ei stor bragd. Medlemane i juryen har vore komponistar, musikarar og pedagogar, og dei vart imponert av musikken elevane ved Sunnylven skule laga, står det å lese i ei pressemelding som er sendt ut.

Det var elevane i 5. til 7. klasse ved Sunnylven skule som deltok og nådde finalen. Marianne Hafsaas ved Stranda kulturskule fortel at 21 elevar har vore med og komponert og spela på eit stort utval musikkinstrument. Instrumenta har vore slike som elevane brukar til vanleg i korps eller kulturskulen. Det vart ein komposisjon samtidsmusikk, litt Nordheim-prega, men flott, får vi oss fortalt.

Fem av finaleskulane er offentleggjort, det var Bekkelaget skole, Godlia skole, Sunnylven skule, Skei skule og Lunde skole. Den sjette som vart vinnaren blir kjent og musikken framført saman med Kringkastingsorkesteret på prisvinnarkonserten i NRK Store Studio fredag 13. mai.

Veslefrikk er ei nasjonal satsing på komponering av musikk med born og unge. I år var heile 1.764 barn frå 1.-7. klasse i grunnskulen med. Dei har planlagt, komponert eigen musikk, gjort lydopptak og sendt inn musikken. I tillegg har dei også laga ein komposisjonsrapport med refleksjonar kring arbeidet, står det å lese i pressemeldinga.

Vesleprikkprisen 2016 blir delt ut til vinnaren av statssekretær i Kunnskapsdepartementet Birgitte Jordahl 13. mai.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380