Lokalnytt

Turistferja startar opp søndag.

Turistferja Bolsøy startar opp sesongen mellom Geiranger og Hellesylt 1. mai, oppussa og flaggpryda.
Turistferja Bolsøy startar opp sesongen mellom Geiranger og Hellesylt 1. mai, oppussa og flaggpryda.

Søndag 1. mai er turistferja Bolsøy i rute mellom Geiranger og Hellesylt. I år blir sesongen forlenga ut oktober månad og the Fjords tilbyr ambassadørkort til lokale reisande.

Gamle, gode Bolsøy er tilbake på Verdsarvfjorden søndag 1. mai. Ut mai månad blir det som før fire daglege turar fram og tilbake mellom Geiranger og Hellesylt, opplyser dagleg leiar i the Fjords, Petter Sandvik. Frå 1. juni kjem Veøy også i ruta og då blir daglege turane utvida til åtte i juni, juli og august.

Begge ferjer med heis

Til sesongen i år har Bolsøy fått montert heis ombord for rørslehemma passasjerar. Tidlegare var det berre Veøy som hadde heis av dei to turistferjene og det vart Veøy som tok med bebuarar frå aldersheimar på gratistur. No kan pensjonærane velje mellom begge ferjene når dei vil på tur på fjorden og få spandert kaffi og svele. Sandvik lovar gratistur for bebuarane på omsorgssentra også i sommar så det er berre å bestemme seg og ta kontakt, seier han..

Ambassadørkort

Nytt for sesongen i år er at the Fjords har utvida ferjeruta på Verdsarvfjorden med ein månad, til ut oktober. Han håper det er eit tilbod mange set pris på og nyttar.

Selskapet innfører også eit såkalla ambassadørkort for privatpersonar som er busett lokalt. Mot å betale for to enkelbillettar kan ein med eit slikt kort reise mellom Hellesylt og Geiranger så mange turar ein vil heile sesongen.

Petter Sandvik forklarar korleis ein skaffar seg eit ambassadørkort; -Du løyser enkeltbillett til dømes på Hellesylt, tek med denne til Geiranger Fjordservice og betaler for ein enkelbillett til. Der får vedkomande eit kort med bilde på og det gjeld då som gratisbillett heile sesongen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380