UKM med «Kristine og gutane»

Ungdomsbandet frå Hellesylt, «Kristine og gutane» deltok i Ungdomens kulturmønstring i Aure på Nordmøre.
Fleire frå Stranda kommune deltok på UKM i Aure i helga, mellom dei «Kristine og gutane». Alle er elevar ved Stranda kulturskule og bandet består av Kristine Hjellbakk Hole, gitar og vokal, Simen Frøysa Hellebostad, piano, Loke Kjellstadli, trommer. Dei framførte poplåten «frøken villikke» av Morten Abel.
Synnøve Hjellbakk Hole og Marit Hellebostad var med deltakarane frå Hellesylt til UKM i Aure. Det var ein fin tur, flott arrangert og mange flotte innslag, både i song, musikk, biletkunst og andre innslag. Det var veldig høgt nivå på alt, fortel Synnøve.
Dei tre i «Kristine og gutane» gjorde eit godt innslag, synest ho sjølv om det naturleg nok var litt nervar med når ein skal opptre for ein fullsett konsertsal. Men å kome vidare til landsfinalen i Trondheim blir nok vanskeleg, men kven veit. I Møre og Romsdal er med rundt 400 UKM-deltakarar og berre 8-10 av dei kjem til landsfinalen.
Sjå UKM-opptak her: