LokalnyttLokalsport

Utdeling av fotballutstyr søndag

Søndag er det Kick off i Sunnylven fotball og klubben sin fotballfamilie samlast på Hellesylt stadion igjen. (Foto frå arkivet)
Søndag er det Kick off i Sunnylven fotball og klubben sin fotballfamilie samlast på Hellesylt stadion igjen. (Foto frå arkivet)

Søndag 10. april er fyrste samling i fotballfamilien i Sunnylven i år. Då er det Kick off på klubbhuset, Hellesylt stadion med utdeling av drakter og anna utstyr.

I alt åtte aldersbestemte lag frå 1. til 10. klasse skal spele fotball i Sunnylven denne sesongen. Til saman blir det rundt 75 ballsparkarar, nesten like mange som alle elevar i Sunnylven skule.

Søndag får dei utlevert drakter, shorts og trøye frå klubben, men strømper, leggbeskyttarar og fotballsko må kvar enkelt spelar kjøpe sjølve, seier Åse Støverstein i yngres fotball Sunnylven. G-sport Stranda er til stades på klubbhuset med stort utval fotballsko og leggbeskyttarar.

Utdelinga, ei viktig samling for å skape stemning før oppstart av fotballsesongen startar kl. 15.00. Åse Støverstein fortel at alle som møter på Kick off søndag får ei lita overrasking frå fotballgruppa. Etter kvart som utdelinga blir ferdig blir det aktivitetar med ball på stadion for dei som har lyst. Det blir også sal frå kiosk, lovar Åse som ynskjer alle vel møtt på klubbhuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380