Lokalnytt

Vaflesal for biblioteket

Mathias, Terese og Tora hadde med ei stor pengegåve til Sunnylven bibliotek tysdag. Bak står Lillian t.v., Marit og Hanne.
Mathias, Tora og Terese hadde med ei stor pengegåve til Sunnylven bibliotek tysdag. Bak står Lillian t.v., Marit og Hanne.

Det kom inn heile 2.887.- kroner på sal av vaflar, kaffi og saft i Sunnylven Barnehage tysdag. Pengane gjekk i si heilheit til Sunnylven Bibliotek.

Med god støtte frå foreldrerådet ved Sunnylven Barnehage skipa born og tilsette til utekafe med sal av vaflar, kaffi og saft i barnehagen tysdag. Lillian Støverstein og Hanne Kvamme i foreldrerådet fortel om trivlege timar der vaflar av 6.0 liter vaffelrøre gjekk unna.

Kjøparar i sol og godt ver var foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Sluttbeløpet som vart overrekt til Sunnylven Bibliotek vart på heile 2.887.- kroner. Det var betaling og takk for at barnehagen fekk låne mange kule bøker då dei i februar laga Trollhola Bibliotek. Pengane vart overrekt same dag til biblioteket der styrar Marit Ljøen tok mot og takke så mykje.

Ved Biblioteket vart Verdens bokdag markert ved at alle born som kom innom og lånte bøker tysdag vart registrert og med i trekning av eit gåvekort på 300.- kroner. Vinnar vart Tora Kvamme Rusten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380