X2 Festivalen har rigga klart

Cato Nordbakk t.v. og Åsmund Våge har alle telt og målsnor på plass i landingsområdet ved Helsetvatnet.

Cato Nordbakk t.v. og Åsmund Våge har alle telt og målsnor på plass i landingsområdet ved Helsetvatnet.

Torsdag vart kiosk –og festivalteltet rigga ved Helsetvatnet i Sunnylvsbygda. Dei to neste dagane blir området base for ekstremsportkonkurransar i X2 Festivalen.

Cato Nordbakk og Åsmund Våge hadde god hjelp av fleire med å rigge telt i målområdet under Helsetkopen til luftsportsøvingane i X2 Festivalen startar for alvor på fredag. Området ved Helsetvatnet blir landingsområde for XBase, Speedflying og for Fallskjermhopping.

Eit stort rødt spesiallaga festivaltelt rigga staseleg ved vasskanten og like ved vart sett opp eit mindre for kioskhandel. Ein flott og idyllisk plass tilvist av grunneigaren og som arrangøren var godt nøgd med.

Det er stor deltaking i alle dei tre sportsgreinene som blir avvikla i området ved Helsetvatnet, fortel Cato Nordbakk. I XBase var det torsdag registrert 17 deltakarar, men han trudde det kom nokre til. Eit liknande tal er påmeldt i dei to andre luftsportane også.

No håpa Nordbakk at veret spelar på lag. Alt er svært veravhengig, spesielt kan vind setje ein stoppar for gjennomføring. Såleis vart det ikkje «flygetur» på to basehopparar som hadde teke seg til toppen av Helsetkopen på beina torsdag for å prøvehoppe. Vinden var for sterk så dei måtte gjere vendereis og gå same vegen tilbake til bygda. For fredag og spesielt laurdag ser vermeldinga betre ut.

Cato Nordbakk og hans medarrangørar håper mange tek turen til Helset og innom luftsportbasen der, både på dagtid, men gjerne også som kveldstur. Fredag er det sikkerheitssamling for alle deltakarar kl. 09.00 og deretter er vi i gang, seier Cato Nordbakk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380