Lokalnytt

17. mai i Sunnylven

[metaslider id=13548]

Trugande regnbyger og kjøleg ver hindra ikkje ei folkerik og flott 17. –mai feiring i Sunnylven. Ut over dagen vart veret betre og feiringa fylgde god, gamal tradisjon.

Det var som tidlegare år Sunnylven Idrottslag som var hovudarrangør av 17. mai feiringa i Sunnylven. Markeringa av nasjonaldagen starta med flaggheising om morgonen og deretter var det samling i kyrkja. Men før festgudstenest la to elevar frå 10, klasse ved Sunnylven skule ned blomar ved minnetavla over sunnylvingar som fall under siste krig.

«Fagert er landet»

I kyrkja deltok Sunnylven skulekorps med kjende tonar som blir nytta ein slik dag, og ungdomskoret Joyful med dirigent Kristin Storstein song så vakkert «Mitt lille land» av Ole Paus og «Til ungdomen» av Nordahl Grieg.

Sokneprest Stein Karstensen tok utgangspunkt til preika i diktaren Anders Hovden. Voldaguten miste far sin 16 år gamal, men utdanna seg som lærar og prest. Guten var som ungdom flest og fekk sine anmerkningar på lærarskulen og seinare ville ikkje ein kyrkjelyd ha han som prest. Men han vart ein av våre store salmediktaren, og under ein skitur vart nasjonalsalmen «Fagert er landet» til, kunne sokneprest Karstensen fortelje. Denne var ein av songane under festgudstenesta i Sunnylven kyrkje på 17. mai.

Folketog med paraplyar

Folketoget vart langt og fargerikt med mange paraplyar. Men få regndropar la ikkje den store dempinga på lyd og humør frå unge og eldre som slutta seg til under sine faner. Ved Sunnylven omsorgssenter var det stopp og ny avspeling av nasjonalsalmar og «Ja vi elsker». Det sette dei mange pensjonærane på uteområdet ved heimen pris på. Deretter heldt folketoge fram til Sunnylven skule og samfunnshus, der det var leikar og sal av pølse med brød, kaffi og kaker.

Før folkefesten på samfunnshuset var barneleikarringen tilbake ved omsorgssenteret og underheldt med dans. Også under folkefesten fekk dei spreke dansarane frå barnelaget i Hellesylt ungdomslag musikk til dansen frå Synnøve Hjellbakk Hole på hardingfele og Erik Torset på gitar.

Kjempestolt av korpset

På Sunnylven samfunnshus kom Sunnylven skulekorps igjen på scena og fekk det retteleg til å klinge i murveggane. Sunnylven skulekorps som hadde Olav Sve som gjestemusikar denne dagen, er utan tvil kommunen sitt beste musikkorps , kanskje det beste på indre Sunnmøre. Underteikna har aldri spela i eit skulekorps , men er beskjeden nok til å hevde å ha øyre både for takt og tone. Korpset sin innsats gjennom dagen var berre fantastisk, utruleg flott og gledeleg. Her har dirigent Trond Otto Berg fått fram noko stort i ei lita bygd. –Eg er kjempestolt av dokke og det trur eg mange andre også er, sa styreleiar i korpset Anita Langeland og fekk forsamlinga med i ein ny velfortent applaus.

Fekk korpsmedaljer

Fleire fekk tildelt korpsmedalje under folkefesten, 3-års medalje til Sigrid Imilie Førde Røyrhus og Matti Kjellstadli, 5-års medalje til Maria Langeland og Hanna Sætreås Kristoffersen, og 7-års medalje til Ingeborg Langeland og Olene Lade.

Minte om fridomen

Inger Ringdal Sæter, Malin Fivelstad og Katrine Øksvang, alle frå 10. klasse ved Sunnylven skule heldt festtalen under folkefesten.

Dei tre bar fram fine og rette ord ein slik dag, dei var innom Eidsvoll-mennene sitt arbeid i 1814 og minte om at vi ikkje må gløyme den dyrebare fridomen som våre forfedre har gjeve oss. Det er noko vi skal vere stolte av og ta godt vare på. Fridom er noko ikkje alle har, vi har 17. mai, det er vår festdag. Så kjære sambygdingar, gratulerer til alle med dagen, avslutta dei tre ei kort, men fin og reflektert tale.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380