For 35 år sidan

350 TILSTADES PÅ HYGGJELEG GRENDAKVELD

Bildetekst: Over t.v.: Festlyden vart ønskt velkomen av dette «songkoret» som framførte viser av Kristine Ringdal.
Bildetekst: Festlyden vart ønskt velkomen av dette «songkoret» som framførte viser av Kristine Ringdal.

Den årvisse Grendakvelden gjekk i år av stabelen laurdag 14. mars. I år var det «sjøarane med strendene» som stod for opplegget av festen. Som vanleg samla grendakvelden stuvande fullt hus. Over 300 var til stades.

Etter eit program på ein og ein halv time, vart festlyden servert velsmakande lapskaus og heimebaka flatbrød. Deretter vanka det både kaffe og blautkake, før ein kunne svinge seg i dansen til musikk av Våges Duo.

Programmet på festen fekk god mottaking, og aktørane i dei ulike sketsjar, song og musikkinnslag fortener og ros for fin innsats. Knut Frøysa skriv elles om programmet på annan stad i avisa. Likeeins hadde dei ulike komiteane for pynting av salen og tillaging av mat lagt ned eit stort arbeid for å skape ei fin råme om festen, og å gjere alt så vellukka sam mogeleg. Alt i alt var nok eit femtital personar på ein eller annan måte med i førebuinga.
Det vart også i år ein hyggjeleg kveld som glir godt inn i rekkja av tidlegare tilskipingar, og ballen er no spela over til Langedølene, som vert vertar neste år.

LÅTT OG LØYE PÅ GRENDAKVELDEN

Alle fekk ei triveleg stund i selskap med flinke aktørar på Grendakvelden sist laurdag. Arrangørane baud på eit variert program, frå visesong og musikk til sketsjar og kåseri. Sjølv dei -som hadde gløymt å ha med seg godt humør heimanfrå, fekk rikeleg av dette i dei friske programinnslaga. Herbjørn Sørebø og eit 10-tal andre kjendisar vart imiterte på ein fortreffeleg måte. På ein slik kveld var det ikkje uventa at saker som har vekt debatt og meiningsskilnad i Sunnylven , også vart kommentert gjennom programinnslag. Både hotellprosjekt, aldersheimsbygg og kraftutbygging vart råkande berørt utan at vi registrerte nemnande overtramp, kanskje med eit unnatak. Sjøarane stod og for god servering. Ein vellukka kveld som tilskiparane kan vere vel nøgde med. Og neste år er det dei gode langedølene sin tur, og kjenner vi dei rett, vil også dei på same måte greie å få til ein triveleg grendakveld, med lått og løye i høgsetet …
K.F.

Bildetekst: Knut A Hole syng «Hellesylt-visa».
Knut A. Hole syng «Hellesylt-visa».
Svenn Ole Dybvik og Odd ]ohny Evensen i samtale med programleiar Hans Rudi, før dei smelte til med ein feiande slått.
Svenn Ole Dybvik og Odd ]ohny Evensen i samtale med programleiar Hans Rudi, før dei smelte til med ein feiande slått.

Original artikkel:
(trykk på bilde for å få opp større versjon).
Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, mars 1981. Alle foto er tatt av Arild Ringdal.

original1

original2

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info