Bjørn Eidsvåg-messe, ei oppleving

Songskatten etter Bjørn Eidsvåg er både rik og vakker. Fyrste pinsedag fekk ei godt besøkt Sunnylven kyrkje høyre fleire av rockepresten sine mest kjente perler framført.
Det vart ei litt annleis dåp –og nattverdgudsteneste i Sunnylven kyrkje 1. pinsedag. Der presenterte dyktige lokale song og musikkrefter meir enn eit titalls songar av artisten Bjørn Eidsvåg, Også alle liturgiske innslag var av songdiktar, det var ei Eidsvåg-messe som vi veit begeistra dei mange kykjegåarar.
Lokale aktørar var Gunnar Inge Eide på tangentinstrument, Morgan Pedersen gitar, Peder Lundanes bass og Sigurd Drege song og perkusjon, Oddbjørg Solhaug song, og Malin Merok song. Å leite etter høgdepunkt er uråd, det heile vart berre ei stor oppleving. Sigurd Drege med si spesielle songrøyst, nesten som Eidsvåg i både toneleie og dialekt denne dagen, dei to songdamene Malin og Oddbjørg sine framføringar med innleving og samklang, og reine og følsame tonar frå neste profesjonelle musikarar, ja det måtte bli bra og det vart det.
Under Eidsvåg-messa vart Vilde og Tobias døypte av sokneprest Stein Karstensen. Og dåpssalmen, ja den var naturleg nok «Ein fin liten blome», tekst Anders Hovden og melodi Bjørn Eidsvåg. Andre songar som kykjelyden kunne lytte til eller synge med i var «Føtter på fjell», «Ingen veg tilbake», «Shalala», «Ka vil du meg» og «Kyrie». Vi gløymer heller ikkje Oddbjørg Solhaug si framføring av «Eg ser», songen som Bjørn Eidsvåg sjølv set mykje pris på og framførte under minnegudstenest i Oslo domkyrkje etter 22.-juli.
For nær tre år sidan, i 2013 vart ein liknande konsert med Eidsvåg-songar halden i Sunnylven kyrkje. Vi håper det ikkje går like mange år til neste oppleving med songar etter rockepresten..
Etter Sunnylven gjekk turen for musikarar og songarar til Geiranger kyrkje 1. pinsedag. I turistbygda var det ny Eidsvåg-messe for kyrkjegåarar.