Bjørn Eidsvåg-messe i Sunnylven kyrkje

For snart tre år sidan var det også Eidsvåg-messe i Sunnylven kyrkje, ei oppleving for mange frammøtte den gongen.

For snart tre år sidan var det også Eidsvåg-messe i Sunnylven kyrkje, ei oppleving for mange frammøtte den gongen.

Fyrstkomande søndag, 1. pinsedag er det gudsteneste i Sunnylven kyrkje, ei gudsteneste med Bjørn Eidsvåg-songar.

-Det blir ei vanleg gudsteneste, men vi har kalla det Eidsvåg-messe då all musikk, både salmar og liturgiske ledd er skrivne av Bjørn Eidsvåg. Han har laga mange fine songar med gode tekstar så der er rikeleg å velje mellom. Under gudstenesta blir det nokre som allsongar og nokre blir framført av solistar, fortel Gunnar Inge Eide.

Eide er ein av musikarane i kyrkja denne dagen og trakterer tangentinstrument. Andre er Morgan Pedersen gitar, Peder Lundanes bass, og Sigurd Drege perkusjon og song. Tilreisande på vokal er Oddbjørg Solhaug, Malin Merok og ei korgruppe.

På repertoaret står Eidsvågklassikarar som Eg ser, shalala, Føtter på fjell, og Kyrie.

Gudstenesta i Sunnylven kyrkje er søndag 15. mai klokka 17.00. (Merk tida). Same opplegg med Eidsvåg-songar blir å høyre også under gudstenesta i Geiranger kyrkje same dag søndag klokka 20.00

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380