Boudicca fyrste til Hellesylt kai
Med mai månad er også cruisesesongen på Verdsarvfjorden i gong. I alt 186 båtar besøkjer Geiranger, 122 kjem innom Hellesylt.
Fleire cruisebåtar har besøkt Geiranger når 207 meter lange Boudicca kjem til Hellesylt søndag 8. mai. Cruisebåten med 856 passasjerar om bord blir ved Hellesylt kai frå kl. 9.40 til kl. 12.30 før den går inn Verdsarvfjorden til Geiranger.
Vegen over Geirangerfjellet er truleg ikkje open for trafikk til 8. mai og dermed heller ingen tur «over land» for passasjerane. I staden er det planlagt tur til Ljøen for å sjå gjætarhundar i arbeid. Bente Bonsaksen opplyser at fleire har meldt seg på tur til garden på Øvre Ljøen.
Kjem 17. mai
Langt større og langt fleire passasjerar har skipet som legg til Hellesylt kai 17. mai. MSC Musica er av dei største med sine 294 meter og har over 3000 turistar om bord.
Turistane kjem til Hellesylt og Geiranger på sjølvaste nasjonaldagen og får heilt sikkert mange flotte bilder av både natur og ikkje minst flagg og festkledde folk.