18. juli 2026

Cirkus Arnardo til Stranda

For Chris Pettersen har ein draum blitt virkelegheit. Han er linedansar i Cirkus Arnardo. (Foto: Felix Wey)
For Chris Pettersen har ein draum blitt virkelegheit. Han er linedansar i Cirkus Arnardo. (Foto: Felix Wey)

Komande fredag kjem Cirkus Arnardo til Stranda og riggar med nytt telt og fantastisk underhaldning på grusbana.

Cirkus Arnardo er klar for norske landevegar igjen, både til store og små stader. Cirkusdirektør Arild Arnardo sitt motto er; «Det å gjere andre glad er den beste glede ein kan ha». Komande fredag er stoppestaden grusbana på Stranda. Dit kjem cirkuset med ei fantastisk forestilling.

Av det største under årets forestilling er norske Chris Pettersen. Som 9-åring var Chris i manesjen og deltok i ei forestilling, noko som imponerte cirkusdirektør Arild Arnardo mykje. I år har han engasjert den no 30 år gamle artisten frå Langhus utenfor Oslo.

I åra som har gått har Chris imponert på fleire arenaer, mellom anna var han med på avslutningsseremonien under OL i London, og han begeistra både publikum og dommarar i «Norske talenter» på TV2. No er han endelig her etter å ha gjort fantastiske nummer på fleire scener og kontinent.

Men Chris sin lineakrobatikk er berre eit av mange fantastiske innslag under årets forestilling. Å rekne opp alle vil føre for langt, men høgt dekorerte og internasjonalt kjente artistar er det mange av på Cirkus Arnardo sin turne landet rundt, i år for 68. gong. Mellom anna Michael Ferrei som er temposjongløren i forestillinga og lever under mottoet; «Det er ikkje kva du gjer, men korleis du gjer det».

Cirkus Arnardo og hans mannskap er klare for landevegen igjen, i år for 68. gong.
Cirkus Arnardo og hans mannskap er klare for landevegen igjen, i år for 68. gong. (Foto: Fridgeir Walderhaug)

Sjå litt av forestillinga: filmen

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →