EIN VELLUKKA 17. MAI l TRADISJONELLE FORMER.

Høgtidinga av 17.mai dagen vart i år særs vellukka. Det strålande veret og ein grøn og frodig natur skapte ei fin ramme om festen. Dessutan hadde dei ulike komiteane som hadde vore i arbeid pynta bygda og. lagt opp eit svært vellukka program for dagen.
Salutten dunde som vanleg kl. 0700, og samstundes var skulekorpset i aksjon og spela gjennom dal og bygd. Ein time seinare vart det lagt blomar på gravene til dei som let livet under krigen. Fenrik Jan Erik Øksvang stod for nedlegginga. Barnetoget, som gjekk frå skulen til Helgesvingen og attende, samla i år ikkje fullt. så mykje folk som vanleg, men dei unge var møtt fulltallig fram.
Etter barnetoget vart det servert pølser og brus til borna, og aspirantkorpset og unge felespelarar underheldt. Leikkomiteen hadde i år funne fram til mange og artige leikar for born og vaksne. Dei vaksne tevla mellom anna i spikarslåing, hesteskokasting og ball og pilkast. Dei yngre deltok i tillegg i syklekonkurranser og balansegang på klossar. God underhaldning og mykje moro for alle deltakarar, etter det vi kunne sjå.
Klokka 1400 samlast bygdefolket til folkefest ved skulen. Erling Hole, som var programleiar, mintest først dei falne, før skulekorpset på ny var i elden. lnghild Storstein las dikt, og Kjellstadguten Spelmannslag medverka med musikk av Ola Kjellstad. Eit vakkert og morosamt innslag var barneleikarringen som opptrådde med songleikar – og dansar. Hellesylt Songlag song, og rektor Egil Støle frå Olden var talar for dagen.
Som avslutning på programmet stod Sunnylven Mannskor fram med vakker song. Dette koret har vore nedlagt fleire år no, men hadde kome saman for å delta på denne festen. Og dirigenten, 78 år gamle Olav Stadheim, svinga taktstokken som i sine aktive år. Dette var verkeleg eit hyggjeleg programinnslag, som og den store festlyden visste å setje pris på. Etter folkefesten gjekk eit stort folketog med skulekorpset i spissen til kyrkja. Ved kyrkja spela korpset for pensjonærane ved aldersheimen. I kyrkja forretta sokneprest Roger Juul ved gudstenesta, og her medverka og Sunnylven skulekorps og Hellesylt Songlag.
Om kvelden skipa så Hellesylt Ungdomslag til programkveld og dans som avslutning på ein svært vellukka 17. mai.
Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen, juni 1981.