Feira NM-medaljer med kake

Vidar Even Leite t.v., Bjørn Tryggestad og Per Ove Frøysa var dei fyrste som fekk skjere stykke av marsipankaka.

Vidar Even Leite t.v., Bjørn Tryggestad og Per Ove Frøysa var dei fyrste som fekk skjere stykke av marsipankaka.

Nyleg henta Ole Ringdal AS på Hellesylt heim tre nye medaljar og diplom frå NM i kjøttvare. Det var langt frå dei fyrste bedrifta har sikra seg for gode produkt.

NM i kjøttvare i Oslo samla stor deltaking, rundt 70 bedrifter var representert og kanskje så mange som 500 kjøttvareprodukt skulle bedømmast. Konkurransen er tøff for å kome mellom dei beste hos dommarane, sa Ole Arnstein Ringdal som fortalde at premieskapet inneheldt snart femti medaljar.

Kakefest ofte

Men tradisjonsrike Ole Ringdal AS «beit» godt frå seg og henta heim ære og edelt metall i tre kategoriar, gull for Ringdal mør oppskore, sølv for Svinemør utan mjølk og gluten, og bronse for Spekemør i kveil.

Ringdal var raus med go`orda og hadde sett fram gosaker på kakebordet då alle arbeidarane vart samla i den nyoppussa kantine. Det vart litt leiting etter kakespade for dagleg leiar, men til slutt dukka det opp både to og tre blankpussa eksemplar i kjøkkenskuffa ved kantina. Så ofte som bedrifta sine tilsette feirar gode produkt med kake var det naturleg at der var kakespadar.

Heidra sine tilsette

-Vi har oppnådd eit fantastisk resultat nok ein gong. Gratulerer med strålande NM-innsats. Eg er stolt og glad for at vi hevdar oss i NM, og mykje av æra skal dokke ha som dyktige tilsette som står på. Dokke er med på å utvikle bedrifta og er den viktigaste ressursen ilag med tilgang på godt råstoff. Utan dokke hadde vi ikkje henta heim høgthengjande medaljar og diplomar gjennom mange år til eit premieskap med nær femti medaljar i.

Det sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal mellom anna då han innleia festen med å takke sine mange tilsette ved hjønesteinsbedrifta på Hellesylt som har gått med overskot i alle år. Deretter var det marsipankake, brus og kaffi til mellom 40 og 50 som var samla.

Nye klassifisørar

Denne gongen var kakene både mange og ekstra store, for Ole Ringdal AS kunne også feire at bedrifta hadde fått utdanna tre nye klassifisørar. Kurt Erik Sundgot, Ole Hjalmar Bonsaksen og Peder Hellebostad er nyutdanna i faget og supplerer John Ringdal og Amund Lien.

Kake 2

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal saman med dei nye klassifisørane, frå venstre Ole Hjalmar Bonsaksen, Kurt Erik Sundgot og Peder Hellebostad.

Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal saman med dei nye klassifisørane, frå venstre Ole Hjalmar Bonsaksen, Kurt Erik Sundgot og Peder Hellebostad.

Kake 4

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380