Lokalnytt

Fjellrosa 4H overnatta i minicamp

God stemning i minicampen til Fjellrosa 4H laurdag kveld.
God stemning i minicampen til Fjellrosa 4H laurdag kveld.

Fjellrosa 4H i Sunnylven prisa det flotte sommarveret vi har i slutten av mai og overnatta i telt frå laurdag til søndag ved Sunnylvsbygda grendahus.

 

Litt over halvparten av Fjellrosa 4H sine 22 medlemer var samla til uteaktivitetar og overnatting i telt siste helga i mai. Teltleiren etablerte dei i nærleiken av Sunnylvsbygda grendahus.

-Vi prøver å få til samlingar ein gong i månaden. Tidlegare i år har vi hatt akedag, ridedag, diskotek, karneval og natursti frå Åsen til Hellebostad. No blir det minicamp med overnatting i telt frå laurdag til søndag, både fordi fleire har arbeidsoppgåver i tilknyting til friluftsliv og natur, men også for å markere gebursdagen til Norske 4H. Onsdag 4. mai var organisasjonen 80 år, fortel klubbrådgjevar i Fjellrosa 4H, Silje Stadheim.

I teltleiren ved grendahuset var det lagt opp til mange aktivitetar, grilling og leikar. Det vart nok ein aktiv laurdagskveld med mykje moro, så kva klokka ville vise ved kveldsro var usikkert, -Vi legg oss når vi er trøtte, kanskje fram mot midnatt, fekk vi til svar. Dei lever etter det gode rådet frå lyrikar Aslaug Låstad Lygre; «Du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det».

Snart er det fylkes 4H-leir. I år er det Lilja 4H i Eidsbygda i Rauma som er vertskap saman med Møre & Romsdal 4H. Fylkesleiren er 24 til 26 juni.

Frå Fjellrosa 4H er det så langt påmeldt fire deltakarar, men det er ikkje for seint enno. Frist for påmelding er 6. juni, opplyser Silje Stadheim.

Her blir treffsikkerheita testa. Det gjeld om å treffe i dei runde hola, det gjev poeng.
Her blir treffsikkerheita testa. Det gjeld om å treffe i dei runde hola, det gjev poeng.
Og sjølvsagt var det god varme på grillen. Her er det Marshmallovs som blir varma på sjølvlaga grillspyd.
Og sjølvsagt var det god varme på grillen. Her er det Marshmallovs som blir varma på sjølvlaga grillspyd.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380