Fylkesveg 80 nattstengd ved Vardegjølet

Vardegjølet A

Grunna støyping av nytt rekkverk ved Vardegjølet blir vegen nattestengd frå torsdag 26. mai kl. 20:00 til fredag 27. mai kl. 04:00. Og måndag blir det ny stenging under asfaltering.

Arbeid med nytt rekkverk på fylkesveg 80 ved Vardegjølet er i gong. Den gamle støypekanten/rekkverket er fjerna og nytt skulle støypast på dagtid torsdag.

Grunna problem med ei maskin til støypinga er arbeidet forsinka, opplyser Arne Leikanger i Statens vegvesen. Arbeidet vil bli utført natt til fredag. For å støype utan opphald blir vegen forbi Vardegjølet stengt mellom klokka 20:00 torsdag kveld og klokka 04:00 fredag morgon.

For sjuketransport eller anna øyeblikkeleg hjelp, ring 993 37 282.

Asfaltering av vegen på anleggsstaden blir måndag 30. mai. Då blir vegen stengt for all trafikk frå kl. 08:15 til kl. 12:00 då arbeidet er ferdig, opplyser Leikanger.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380