G14 vann mot Hasundgot

Sunnylven G14 møtte Hasundgot på Hellesylt stadion onsdag kveld. Det vart ny siger, denne gongen 4-0.
Sunnylven har eit kjempegodt guttelag med 12 spelarar som «bankar» alle motstandarar. G14 som spelar 9-ar fotball har spela tre kampar og vunne alle. Dei toppar no tabellen etter 8-2 over Ravn, 5-4 siger borte mot Bergsøy og altså 4-0 over Hasundgot.