Lokalnytt

Grova stemnestad for Storfjordstemne

Stemnestaden Grova ligg berre ti minutts gange oppfor ferjeleiet på Gravaneset. (Foto: Storfjordens Vener)
Stemnestaden Grova ligg berre ti minutts gange oppfor ferjeleiet på Gravaneset. (Foto: Storfjordens Venner)

Storfjordstemnet 2016 er lagt til Grova i Liabygda like over ferjekaia på Gravaneset, melder Storfjordens Venner på si heimeside. Stemnedag er søndag 5. juni.

Det er om lag 10 minutt å gå opp til garden Grova frå ferjekaia i fin, men litt bratt sti. Her er det lagt opp til eit tradisjonelt og godt program, lotteri, rjomegraut og triveleg samvær, skriv arrangøren.

-Som i fjor arrangerer vi FRILUFTSCAMP for born og ungdom frå laurdag til søndag. Sunnmøre friluftsråd vil stå for aktivitetane, og det vert sikkert ein kjekk camp. Her er det berre å melde seg på! Meir informasjon ligg på heimesida.

Program Storfjordstemnet, søndag 5. juni 2016, 13.00 – 15.30

• Storfjordfanfare

• Leiar i Storfjordens Venner, Kjell Løseth

• Allsong

• Tale ved Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune

• Musikkinnslag

• Presentasjon og informasjon om Grova

• Restaureringsnikkarane, Kåre Løvoll og Per Kjell Holtleite, er med, saman med leiar for prosjektgruppa, Odd Normann Hoff

Under stemnet

• Sal av rjomegraut

• Sal av pølser

• Lotteri

• NB! Eige lotteri med flotte og verdifulle stolar som premie

• Natursti

• Gode tilbod på ulike «Storfjordvarer», inkl jubileumsboka «Med hjarte for arven»

Velkomne til stemne!!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380