Gudsteneste i Verdsarvnatur

Herdalssætra i Norddal. (Foto: herdalssetra.no)

Herdalssætra i Norddal. (Foto: herdalssetra.no)

På Herdalssætra i Norddal blir det Verdsarvgudsteneste søndag 26. juni, ei friluftsgudstenste for heile Austra Sunnmøre prosti.

-Vi har Verdsarvområde og vi har fått verdsarvprest så no inviterer vi til Verdsarvgudsteneste på Herdalssætra i juni, det sa prost Svein Runde i samtale med hellesylt.info for litt sidan. Han har fått bekrefta med dagleg leiar for stiftinga Geirangerfjord verdsarv, Katrin Blomvik at det kan kallast Verdsarvgudsteneste. Prosten håper mange kjem til samlinga i vakker natur.

Sæter med husdyr

-I kyrkja markerer vi skaparverkets dag kvart år og gudstenesta vil vere ei markering av nettopp denne dagen. Det blir ei familiegudsteneste som vi også vil gjere barnevenleg med både natursti og andre aktivitetar. På sætra er også geitene på plass når vi kjem til søndag 26. juni, og vi inviterer barnekor og ungdomskor til å synge på Herdalssætra denne dagen. Kanskje kjem også barneleikarringen i Hellesylt UL, men det er ikkje endeleg bekrefta, seier prost Runde.

Pressemelding

I ei utsendt pressemelding inviterer Austre Sunnmøre prosti, som omfattar kommunane Skodje, Sykkylven, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda, til verdsarvgudsteneste søndag 26. juni på Herdalssætra i Norddal kommune, i samarbeid med Verdsarvstiftinga . Dette er ei gudsteneste for heile prostiet, opa for alle.

Herdalssætra ligg flott til fremst i bygda Norddal, ei mil frå fjorden. Der er det beitande sauer, geiter og hestar, og ei aktiv sæterdrift med mjølking, ysting og karamellproduksjon. Med dette som ramme, vert det denne dagen arrangert gudsteneste i «Geitakyrkja» med tema: Skaparverket, står det å lese i pressemeldinga.

Gudstenesta er lagt opp med tanke på barn, og vi kan nemne:

  • Sang av barnekor frå heile prostiet
  • Blåsegruppe under leiing av organist Gunnar Inge Eide
  • Tale ved sokneprest i Ikornnes Erlend Lunde
  • Bøner og tekstlesing ved born
  • Musikkinslag ved Valldal spelemannslag
  • Presentasjon av verdsarvprest Morgan Berg
  • Prost Svein Runde leier gudstenesta

Etter gudstenesta:

  • Orientering om sætra og sæterdrift
  • Orientering frå Verdsarvstiftinga
  • Høve til kjøp av graut
  • Innblikk i oste- og karamell produksjon på sætra
  • Natursti og forslag på korte familieturar
  • Høve til å vitje det Ortodokse klosteret på den gamle prestegarden i Norddal.

Det vert ikkje gudstenester i andre kyrkjer i prostiet denne dagen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380