Lokalnytt

Har utvida El-sykkelparken

Knut Hole har skapt eit nytt tilbod til turistar og fastbuande i Sunnylven og har no tolv elektriske syklar til utleige.
Knut Hole har skapt eit nytt tilbod til turistar og fastbuande i Sunnylven og har no tolv elektriske syklar til utleige.

Hellesylt El-sykkelutleige har meir enn dobla kapasiteten framfor årets sesong. Selskapet har no tolv syklar til utleige.

Det er Knut Hole som står bak enkeltmannsforetaket Hellesylt El-sykkelutleige på Hellesylt. Selskapet såg dagens lys i fjor med innkjøp av fem el-syklar og to hengarar til transport av små born eller varer. No er sykkelparken utvida med sju nye.

Hellesylt EL-sykkelutleige har base i det som tidlegare var brannstasjon i sentrum på Hellesylt. Her står tolv syklar oppladda og klare for utleige, ein sykkelpark som er finansiert gjennom eigne middlar og 250.000.- i lån. Gjennom det kommunale næringsfondet har han fått eit tilskot til satsinga på 38.000.- kroner. Han søkte etter kriteriar for tildeling frå det kommunale næringsfond, nyskaping og næringsutvikling og hadde håpa på eit større beløp. Sjølv om han er glad for støtta er han litt skuffelse over storleiken.

Hole veit at han ikkje blir rik på denne satsinga, men han er glad i heimbygda si og ville skape noko, eit tilbod som ikkje fanst før. –Det må bli kjent at det er eit tilbod før ein kan vente stor pågang og utleige, seier den pensjonerte bonden og bussjåføren med optimisme i røysta.

–Her er så flott natur og mange fine vegar å sykle, men med litt bratte bakkar inn i mellom , difor kjøpte eg El-syklar. Dei kan ein sykle med i seks mil når batteriet er fulladda. På dei nyinnkjøpte syklane kan ein ha med eit ekstra batteri så då blir lengda tolv mil mellom kvar ladding. Og ladding skjer med ei vanleg leidning frå ei vanleg elkontakt, forklarar Hole.

For leige av syklar kan Knut Hole ved Hellesylt El-sykkelutleige nåast på mobiltelefon 984 68 767, eller ein kan kontakte Peer Gynt Galleriet, mob. 951 20 670.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380