I svarten for sunnylvsskyttarar

Heile ni skyttarar frå Sunnylven Skyttarlag deltok og presterte god skyting i dei fem skytestemna i Lerum cup som vart arrangert i Sogn sist veke.
Tekst/foto: Rune Tryggestad
Over 700 skyttarar frå heile landet deltok i Lerum cup nyleg. Det vart vist mykje god skyting i dei forskjellige klassene der fleire sunnylvsskyttarar hevda seg godt både på enkeltstemna og samanlagt.
I klasse Aspirant deltok Ørjan Frøysadal Hauge. Han skaut som best 244 poeng i stemnet på Leikanger. Aspirantane vert ikkje rangert på resultatlistene, men han hadde beste resultatet av dei over 50 som deltok i klassa. Han hadde 150 poeng på dei 15 fyrste skota (klassa) Slå den!!
I klasse Eldre Rekrutt deltok Kristian Frøysadal Hauge. Han Hadde problem med børsa i starten men fikk sving på den igjen og skaut som best 349 poeng i Sogndal. Det var Kristian sitt andre stemne med dette resultatet i år. Det er ikkje lenge før Sunnylven får ein ny medlem i 350 klubben i DFS. Kristian vart nr 38 samanlagt med 1724 poeng.
I klasse Rekrutt deltok Isak Frøysadal Hauge. Han var uheldig i eit av stemna med feil på skiva si som øydela samanlagt for han. Beste enkeltresultat var 337 poeng i Leikanger. Isak vart nr 48 samanlagt med 1612 poeng.
Seniorane gjorde og sine saker godt.
Klasse 5
Ivar Fivelstad nr. 34 samanlagt med 1702 poeng. Beste res. 342 poeng i Knipenborg (Årdal)
Klasse 4
Trygve Aa. Tryggestad nr. 6 samanlagt med 1679 poeng. Beste res. 338 poeng i Knipenborg (Årdal))
Kjell Oddvar Frøysa nr. 24 samanlagt med 1647 poeng. Beste res. 335 poeng i Aurland
Klasse 3
Dag Andre Hauge nr. 5 samanlagt med 1638 poeng. Beste res. 336 poeng i Aurland
Nils Olav Frøysa nr. 11 samanlagt med 1614 poeng. Beste res. 327 poeng i Sogndal.
Klasse 2
Rune Tryggestad nr. 24 samanlagt med 1585 poeng. Beste res. 323 poeng i Aurland.