Ikkje til Hellesylt 17. mai

MSC Musica ved Hellesylt kai i 2013.

MSC Musica ved Hellesylt kai i 2013.

I fylgje cruiselista skulle MSC Musica med 3000 passasjerar innom Hellesylt før Geiranger 17. mai. Det er no endra.

Driftssjef i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole opplyser at MC Mucika har avlyst sitt besøk på Hellesylt på nasjonaldagen. Årsaka er at bussturen «over land» blir avlyst då det er usikkert om vegen mellom Langevatn og Djupvasshytta er open. Cruisebåten går til Geiranger.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380