Lokalnytt

Informasjonstavle ved Hellesylt kai

Bente og Frank Ole Bonsaksen fekk rigga opp informasjonstavla fredag. Her kan turistar finne fram til det Hellesylt har å by på.
Bente og Frank Ole Bonsaksen fekk rigga opp informasjonstavla fredag. Her kan turistar finne fram til det Hellesylt har å by på.

Ei informasjonstavle er sett opp ved Hellesylt kai (cruisekaia). Ut frå avmerkingar på eit bilete av Hellesylt sentrum vil dei reisande finne fram til både serveringstilbod og attraksjonar.

Det er Hellesylt Næringslag og personar innan reiseliv i Hellesylt som står bak tiltaket med å få opp ei informasjonstavle ved Hellesylt kai. Pådrivar har vore Bete Bonsaksen som har skaffa fram informasjon til leverandøren av tavla, og forskottert heile kostnaden.

-Tanken kom opp på eit av mange møter som vi har hatt gjennom vinteren om tiltak for å styrke turistnæringa. Og når vi fekk det flotte biletet av Hellesylt sentrum viste det seg at der er ein god del å vise fram berre det blir kjent. Til saman 21 små og store verksemder og severdigheiter har vi nummerert og namnesett på engelsk, alt frå butikkar, kunstsenter, kafear, kyrkja, naturattraksjonar og anna. Og snart kjem det opp to Tv-skjermar, ved Peer Gynt Galleriet og i Sparebanken Møre med meir informasjon om verksemdene på informasjonstavla, og noko til, seier Bente Bonsaksen.

Saman med mannen, Frank Ole hjelpe ho og skrua i hop tavla til aluminiumsstolpar og til eit støypt fundament like ved Hellesylt kai. Ingen kjem på land utan å sjå den flotte informasjonstavla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380