Lokalnytt

Konsert i Lensmannstova

Stjernelaget under konserten i Lensmannstova i fjor, frå høgre Synnøve Hjellbakk Hole, Anne-Berit Skrivervik Sultani, Askjell Molvær, Gunhild Sindre.
Stjernelaget under konserten i Lensmannstova i fjor, frå høgre Synnøve Hjellbakk Hole, Anne-Berit Skrivervik Sultani, Askjell Molvær, Gunnhild Sindre.

Synnøve Hjellbakk Hole brukte husbjølla då ho kalla inn til olsokkonsert i Lensmannstova på Lillebø i fjor sommar. I juli blir det ny konsert med same mannskap.

Frå Stryn kom Anne-Berit Skrivervik Sultani med si fantastiske sopranstemme, Gunnhild Sindre hadde med hardingfela og saman med Synnøve Hjellbakk Hole utgjorde dei to halve laget av «Honndalstausene». På orgelkrakken sat Askjell Molvær frå Sula.

Trøorgel, hardingfele og sopranrøyst

Det vart ei oppleving for dei frammøtte den gongen, og 20. juli i år er alle fire tilbake med ny konsert i Lensmannstova på Lillebø. Klokkeslett er ikkje endeleg bestemt, men det blir på kveldstid, seier Synnøve Hjellbakk Hole.

Med tonane frå det gamle trøorgelet, frå hardingfeler og med Anne-Berit Skrivervik Sultani si sopranstemme vart konserten ei oppleving. At kvartetten er tilbake med ny konsert vil nok glede mange.

Tilbake 20. juli.

Under olsokkonserten i fjor fekk publikum høre kjende songar som «Eg hev i himmelrik ei borg», «Solveigs song» og tre korte songar av Bjørnstjerne Bjørnson og Halvdan Kjerulf. På repertoaret stod også folketone frå Hornindal, «Ved Rondane», «Brudemarsj frå Vågå», litt barokk i «Bist du bei mir», «Briksdalens bruremarsj», «Panis Angelicus» og til sist «Gånglåt från Åppelbo».

Kva repertoar som blir presentert i år får dei høyre som kjem på konserten onsdag 20. juli. Då er kvartetten tilbake i Lensmannstova på Lillebø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380