Lokalnytt

Legg grunnlag for samanslåing med Sykkylven.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad.
Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad.

Folkemøtet på Hellesylt onsdag 04 mai samla rundt 50 tilhøyrarar. Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad innleia folkemøtet med å gå gjennom intensjonsavtalen med Sykkylven.

Intensjonsavtalen er inngått mellom Stranda og Sykkylven kommune og er eit dokument som skal regulere hovudtrekka i  ei samarbeidsavtalen mellom kommunene. Denne intensjonsavtalen har vore gjennomgått i felles kommunestyremøte med dei to kommunene. I tillegg var den oppe i førre kommunestyremøte der det kom ei tilråding på at saka skal ut på folkehøyring.

Bakgrunnen for at ein gjekk for folkehøyring i staden for folkeavstemming var mykje dei erfaringane frå det som skjedde under folkerøystingane i ytre Søre der interessa var svært låg i fleire tilfelle.

Folkehøyringa skal vere i veke 22, og der inviterer ein innbyggarane til å kome med innspel. Resultatet frå folkehøyringa skal då analyserast og bearbeidast av kommunestyret i Stranda før dei kjem med ei endeleg beslutning i juni.

Intensjonsavtala bygger på eit langsiktig perspektiv der ein er utfordra av regjeringa ved statsråd Jan Tore Sanner om å tenkje 30-40 år fram i tid i forhold til å bruke reforma til å sette sitt preg på kommuna.

Forslag til kommunenavn var Stranda og Sykkylven.

Visjon og mål.

Visjon for den nye kommuna er «Skaparglede mellom fjell og fjord», og målet for den nye kommuna skal vere å utvikle ei framtidsretta kommune bygd på lokal identitet. Med dette meinte ordføraren at ein skulle vidareføre den kulturarva som vi er ein del av inn i den nye kommuna, og ein skal  sjå heile livsløpet i eit folkehelseperspektiv.

I forhold til samfunnsutvikling skal dette bli ei vekstkraftig kommune som er ein attraktiv lokaliseringsplass for næringsverksemd og sentrale tjenester. Svemorka har hatt store investeringar dei siste 10-åra og nye er planlagt. Dette området skal  bli eit nav i denne nye kommuna, og vil kunne tiltrekke seg nye etablerarar. Det nye næringskontoret skal lokaliserast til Stranda.

Det skal utarbeidast ein ny offensiv næringsplan der eksisterande klynge med møbel og næringsmiddel skal vidareutviklast og i tillegg skal ein ha med reiselivsperspektivet. Forvalting av verdarvstatusen skal vere sentralt i heile kommuna.

Tenesteyting og utøving av mynde.

Den nye kommuna skal ha tenester som har god kvalitet for innbyggarane, og det skal byggast ei kompetent og attraktiv kommuneadministrasjon. Styrking av kompetanse og fagmiljø er ein av gevinstane  som denne reforma skal bidra til.

Jan Ove Tryggestad presiserte at den nye kommuna skal utvikle desentraliserte tjenester som skule, sjukeheimar, helse, barnehage og kulturtilbod der folk bor. Dette er ikkje ei sentralisering av standard basisteneste. Det er snakk om å vidareutvikle det ein har i bygdelaga. Reforma skal ikkje utløyse ein diskusjon om skule og helse i Stranda kommune.

Politisk og admnistrativ toppleiing skal flyttast til Sykkylven. Bakgrunnen for dette var at det var natuleg å flytte desse funksjonane til den mest folkerike plassen. Også økonomi – og personalavdeling vil bli flytta til Sykkylven.

Dei spesialiserte tenestene bør samlast i kompetansesenter i klynge. Det skal vere nokonlunde lik fordeling mellom kommunene i forhold til kommunale arbeidsplassar.

I den nye kommuna skal formannskapsmodellen vidareførast. Det skal bli 33 stk i det nye kommunestyret.

Økonomi.

Kommunene skal fram mot samanslåing vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomisk bereevne.

Hovudprinsippet i fht økonomi var at begge kommunane gjekk «all in». Med dette meinte ordføraren at ein gjekk inn med alt av aktiva og passiva.

Alt frå hausten 2016 skal ein starte med å tilnærme seg ein felles økonomiprosess med blikk for å bygge ei felles kommune. Kommunene skal fram mot samanslåing vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunene si økonomiske bereevne.

Kommunene skal orientere kvarandre om investeringar slik dei ligg i vedteken budsjett- og økonomiplan, og ein skal ikkje selje verdiar som t.d kraftaksjar utan drøfting med den andre kommuna.

Når det gjeld kommunen som arbeidsgjevar så skal alle tilsette få tilbod om ny stilling i den nye kommunen tilsvarande den størrelse og lengde dei har per i dag.

Interkommunale samarbeid.

Stranda er pr i dag med på ca 30 interkommunale samarbeid. Slike samarbeid vert ofte lokalisert til Ålesund. Ein får her støtte til spesialiserte områder, men dette er også med på å tøme kommuna for kompetanse og økonomi. Det er eit mål å redusere talet på slike samarbeid.

Infrastruktur

Den nye kommuna skal ha Storfjordsambandet som ei hovudsatsing. Dette omfattar tunell mellom Hole og Engeset for å knyte saman kommunesentra. Ein skal og satse på bru over Storfjorden. Andre infrastrukturprosjekt som vart trekt fram var m.a rassikring Eidsdal – Geiranger, Opplendskedalen – Strynefjellet og fylkesveg 60 Tryggestad – Grodås.

Gangen vidare :

Dersom kommunestyret i Stranda kommune vel å gå vidare i samarbeidet med Sykkylven skal denne saka over til Fylkesmannen. Han jobbar då med dette i sommar og sender saka vidare til regjering/ storting som skal beslutte saka i haust. Dersom det då er ei positiv tilråding vil ei Fellesnemnd verte opprette.

Fellesnemnda skal består av 4 representantar frå kvar kommune og skal fungere som eit formannskap for det som skal skje både av administrativ og politisk samansmelting. Intensjonsavtala skal legge føringar for denne nemnda. Fellesnemnda skal opprettast snarast råd etter at kommunane har gjort vedtak om samanslåing. Nemnda skal starte arbeidet hausten 2016.

Det vil foregå drift som vanleg i begge kommune fram til 1.1.2020 då ny kommune er på plass. Dette forutset at innbyggarane i Stranda og Sykkylven ynskjer dette og at Fylkesmannen og regjeringa landar denne saka.

Kjartan Lied
Kjartan Lied

Kjartan Lied presenterte deretter situasjonen i Stranda kommune i forhold til samfunnsutvikling og tjenesterproduksjon, og viste ved hjelp av grafar at Stranda og Sykkylven var like på desse felta.

I frå 2006 og til 2015 har kommunen hatt ein svak folketalsnedgang i forhold til «vanlege innbyggarar». Hadde det ikkje vore for talet på arbeidsinnvandrarar (700) så hadde folketalet vore nede på ca 3800. Sykkylven har enno kraftigare nedgang i talet på «vanlege innbyggarar», men også her kompenserar arbeidsinnvandrarar.

I fht andel personar over 80 år er Stranda og Sykkylven svært like (hhv 9 og 10%).

Når det gjeld utdanningsnivået så viste Lied grafar som viste at spesielt høgt utdanna kvinner ikkje kom tilbake etter endt utdanning.  Også her var Sykkylven like.

Når det kom til pendling ut frå Stranda kommune så var hovudvekta av desse til Sykkylven, deretter Ålesund og Norddal. Same kommunene låg øvst også ifht pendling inn til Stranda kommune.

Kjartan Lied viste også grafar som viste kva sektor folk jobba i. Her var det sekundærnæringa som toppa for Stranda på bakgrunn av matproduksjon. Det same gjaldt for Sykkylven. I deira tilfelle basert på møbelindustri.

Lied peika på at det er ei styrke for Stranda kommune at alle bygdelag har basistjenester. Det er derimot ei svakheit at kommunen har vanskar med å rekruttere kompetanse til spesialiserte tjenester. Det er usikkert kor mange tenester staten i framtida vil føre over til kommunane. Det vil vere ei utfordring i forhold til den demografiske utviklinga.

Dei mest spesialiserte tjenestene vil det, iflg Lied, vere naturleg å flytte til Sykkylven. Det viser seg at det er vanskeleg å få søkarar med rett kompetanse til Stranda. Dette er enklare i Sykkylven pga moglegheit til pendling frå Ålesund. Lied såg på tenester som t.d. NAV, psykiatri/ rus,  barnevern, funksjonshemma og sakshandsaming innanfor bygg/ anlegg som eksempel på dette.

Interkommunale samarbeid vil då kanskje ikkje verte så aktuelt då kommuna kan klare å ha denne kompetansen sjølv.

Økonomisjef i Stranda kommune, Ståle Anker Ljøen.
Økonomisjef i Stranda kommune, Ståle Anker Ljøen.

Økonomisjef i Stranda kommune, Ståle Anker Ljøen presenterte til slutt det nye inntektssystemet for kommunane.

Forslag til nytt inntektssystem for kommunane har no fleirtal på Stortinget med Venstre si støtte til regjeringa. Det er no kome til enigheit på dei fleste punkta og det nye inntektssystemet vil truleg gå gjennom før sommarferien.

KS har rekna ut at Stranda kommune vil tape omtrent 3,7 millionar i inntekter på det nye inntektssystemet dersom ein vel å stå aleine.

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info