Løyperekord for Kristine i Konradløpet.

Strålande innsats av utøvarane frå Sunnylven IL. Frå venstre: Anniken Hjellbakk Hole, Kristine Hjellbakk Hole og Karianne Tryggestad Ryste. (foto: privat)

Strålande innsats av utøvarane frå Sunnylven IL. Frå venstre: Anniken Hjellbakk Hole, Kristine Hjellbakk Hole og Kari-Anne Tryggestad Ryste. (foto: privat)

Strålande innsats av utøvarane frå Sunnylven IL under Konradløpet som vart arrangert 1 mai.

Kristine Hjellbakk Hole sette ny løyperekord i dameklassa med tida: 17.43. Ho slo med det den førre løyperekorden til Anna Elise Ullavik Sylte frå fjorårets løp med 11 sekund. Kari-Anne Tryggestad Ryste vart nummer 2 med tida 17.58. Dette er ny personlig rekord for Kari-Anne. Ho hadde 18.09 frå 2014 som si beste tid før dagens løp. Også flott innsats av Anniken Hjellbakk Hole som vart nummer 4 med tida 18.12.

Det var 287 deltakarar i hovudløpet  og arrangøren melder om strålande forhold.

Resultatliste finn du her: http://idrettslaget.velledalen.net/www/index.php?id=3133

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info