Lokalnytt

Målar Gamleskulen

Desse fire, frå venstre Roar Ljøen, Desisla Stamenov, Kari Hauso Stadheim og Eldrid Skrede målar gamleskulen i same fargar som tidlegare, kvitt med grøne lister.
Desse fire, frå venstre Roar Ljøen, Desisla Stamenov, Kari Hauso Stadheim og Eldrid Skrede målar gamleskulen i same fargar som tidlegare, kvitt med grøne lister.

Gamleskulen på Hellesylt blir måla. Inne er tre gamle, nyinnsette fyllingsdører blitt skrapa og grunna, og ute får all kledning og listverk eit strøk Drygolin.

Det var i 2012 at foreininga Gamleskulen aktivitetsmuseum vart skipa. Den gamle skulen på Hellesylt skulle takast vare på, og mykje godt vedlikehald er blitt utført etter det.

Det største tiltaket var å fornye heile taket, skifte ut råteskada materiale og legge på nytt skifertak med takrenner og beslag. Også bordkledning er fornya, og inne er den store, gamle vedomnen restaurert og godkjent for bruk. Det er også sett inn tre gamle fyllingsdører i rett stil, og i skulestova står alt med pultar, kateter og anna utstyr slik det var i «gamle dagar».

Kari Hauso Stadheim har vore leiar i styret frå starten i april 2012. Ho har uttala at ho hadde to mål før ho eventuelt gav seg som styreleiar, få sett i stand trappa, snarvegen frå bedehussvingen til skulen, og måle huset utvendig. Tidlegare i vår vart trappa mura og gjort gåande igjen, og no blir også skulehuset måla. Og med tett tak vil det gamle skulehuset bli ståande både for oppleving og bruk i mange år, mellom anna for innsteg under Hellesyltdagane i sommar laurdag 9. og søndag 10. juli.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380