Lokalnytt

Matservering 17. mai på Hellesylt

På Hellesylt får ein kjøpe mat fleire stader 17. mai, mellom anna på Peer Gynt Galleriet.
På Hellesylt får ein kjøpe mat fleire stader 17. mai, mellom anna på Peer Gynt Galleriet.

På Hellesylt blir det høve til å få kjøpe mat og drikke både på Sunnylven samfunnshus. Peer Gynt Galleriet og på Øcal restaurant 17. mai.

På Sunnylven samfunnshus blir det frå klokka 12.00 sal av mat og drikke. Her byd arrangøren på pølse med brød, kaker, kaffi og anna drikke. Det blir ikkje sal under programmet på samfunnshuset kl. 14.30.

Peer Gynt Galleriet har buffet med sal av kalde og varme rettar, desser og kaffi på 17. mai. Det blir to bordsetjinga, fyrste klokka 12.30 og andre klokka 15.30, opplyser dagleg leiar Monica Rødven. For kr. 295.- kan vaksne forsyne seg det dei orkar, for barn 7 til 12 år er prisen kr. 149,- og under 7 år gratis. Det er høve til bordbestilling, så ring/send SMS til Peer Gynt Galleriet på mobil 950 13 170.

Øcal restaurant serverer pizza, grill, kebab, barnemeny og eplekake med softis. Serveringa foregår heile dagen får vi opplyst hos Øcal.

Hellesylt Boutique & Bar held stengt 17. mai.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380