MSC Splendida til kai fredag.

Kjempeskipet MSC Splendida la til ved Hellesylt kai utan problem i fjor. Fredag er skipet tilbake. (Foto frå arkivet)

Kjempeskipet MSC Splendida la til ved Hellesylt kai utan problem i fjor. Fredag er skipet tilbake. (Foto frå arkivet)

MSC Splendida, sesongens største cruiseskip til Hellesylt og Geiranger kjem på sitt fyrste besøk fredag 27. mai. Totalt har det 333 meter lange skipet seks anløp til Hellesylt i 2016.

MSC Splendida har bruttotonnasje på 137936 T og har kapasitet til 4363 passasjerar. Det fyrste av seks anløp denne sesongen er meldt til Hellesylt kai fredag 27. mai ca. kl. 06:00 ( ny tid) og ligg til ca. kl. 09:00 (etter plan).

Lenger liggetid på Hellesylt

Stranda Hamnevesen KF melder også at Arcadia, som skal overnatte frå fredag 3. juni til laurdag 4. juni, kjem inn kl. 15:00, og ikkje kl. 19:00 som tidlegare plan. Med andre ord fire timar lenger liggetid på Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380