Ny siger til G 14.
Her er Sunnylven G14 som «knuser» all motstand. Framme Jakob F. I midten frå venstre; Matti, Espen, Even. Bak frå v; Simen, Mats, Viktor, Brede, Loke, Jakob S, Kristian. (Foto: Rolf Fivelstad)
Det nye storlaget til Sunnylven fotball er G 14 9-er. Torsdag vart det ny siger, borte mot Tjørvåg/Moltustranda.
Bortekampen mot Tjørvåg/Moltustranda enda med 4-3 siger til Sunnylven. Det var laget sin fjerde siger på fem kampar så langt i sesongen. Berre Gursken/Gjerdsvika har vunne mot Sunnylven G 14 9-er, laget som toppar tabellen på same poengsum om Sunnylven, men med litt betre målforskjell.
Rolf Fivelstad er oppmann for laget og var på kampen torsdag. Han fortel om ein jamn kamp , men der beste lag vann.
Tjørvåg/Moltustranda tok leiinga, men Sunnylven utlikna og det stod 2-2 til pause. I andre omgang gjekk Sunnylven opp til 4-2, før heimelaget Tjørvåg /Moltustranda reduserte ein gong. Sunnylven kunne reise heim med 4-3 siger og nye tre poeng i «lomma».
Det er Kirsti Frøysadal Hauge og Daniel Støverstein som trenar det talentfulle G 14-laget. Neste kamp er heime mot Blindheim tysdag 31. mai kl. 18:30. Møt opp på Hellesylt stadion.