Olav Harald Ulstein stiller ut i Peer Gynt Galleriet

Olav Harald Ulstein ved eitt av sine store måleri med naturmotiv, (Foto: lyngdalsavis.no)

Olav Harald Ulstein ved eitt av sine store måleri med naturmotiv, (Foto: lyngdalsavis.no)

Kunstnaren Olav Harald Ulstein frå Sykkylven er årets utstillar i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Salsutstillinga opnar søndag 5. juni.

 

Kunstmålar Olav Harald Ulstein er tilbake med bildeutstilling i Peer Gynt Galleriet. Også i 2009 hadde Sykkylven-kunstnaren utstilling på Hellesylt som begeistra.

Ulstein er fødd i Hareid i 1963, men som ti-åring vart han sykkylving. Der har han budd og virka sidan, også innan politikk og som varaordførar for Frp.

Olav Harald Ulstein er kunstmålar og i sine arbeid har han forelska seg mykje i høge og stolte sunnmørstindar, ikkje berre toppar frå Sykkylven, men også frå andre bygder. Under utstillinga i Peer Gynt Galleriet vil publikum få sjå måleri av kjente fjell i og kring Sunnylven, som Helsetkopen, Fivelstadnibba, Røyrhusnibba, Skruven, Storenibba og andre, fortel Ulstein.

Olav Harald Ulstein startar å ordne utstillinga i Peer Gynt Galleriet laurdag. Søndag klokka 14.00 blir utstillinga opna av varaordførar i Stranda Arild Ringdal. Der blir det også song av Kristin Storstein med tonefylje av Morgan Pedersen på gitar, og det blir servert «nippemat» og andre forfriskingar for publikum.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380