Opplevingsturar til Ljøen med Ingers Trans

Taxi og turløyveselskapet Ingers Trans AS tilbyr turar for cruiseturistar frå Hellesylt kai til utkikkspunktet på Ljøen og tilbake.
I eit intervju med nettstaden hellesylt.info snakka driftsleiar i Stranda Hamnevesen KF Inge Hole også om opplevingstilbod til cruisegjestar som ein kan finne på Hellesylt.
Eitt av tilboda er turløyveselskapet Ingers Trans AS sine bussturar frå Hellesylt til utkikkspunktet på Ljøen med panoramautsikt mot der ei tre fjordane møtest, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden og Storfjorden. Eit utsyn der kameralinsa i tillegg kan fange inn både grøne lier og snødekte, mektige fjelltoppar. Eit naturoppleving som avgjort er verd å vise fram til cruiseturistar.
Les meir om tilbodet frå Ingers Trans AS her: http://www.geirangerfjord.no/hop-on-hop-off-hellesylt