LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2016

Sanitetslaget klar til loppemarknad.

Styremedlem i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke viser fram av det laget fekk inn på innsamling til loppemarknaden sin.
Styremedlem i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke viser fram av det laget fekk inn på innsamling til loppemarknaden sin.

Sunnylven sanitetslag har fått inn mange ting til loppemarknaden sin under Hellesyltdagane. Kjøparar på loppemarknaden laurdag 9. juli kan velje mellom eit variert utval av «loppene» også i år.

Nyleg hadde Sunnylven sanitetslag innsamling av ting til loppemarknaden sin under den store sommardaghelga på Hellesylt i juli. Loppemarknaden har vore fast innslag under Sommardagar på Hellesylt i over 40 år. Det heile starta ein gong på 70-talet, same dag det var turistbåt på Hellesylt. Det vart folksamt i gata rundt loppemarknaden ved Kleivabuda, både av turistar og reisande. Det skapte nesten trafikkaos i den trange gata, er det fortalt.

På laurdag 9. juli stiller sanitetslaget ut store og små ting for sal nok ein gong og kjøpelystne med høgaste prisbod kan gjere flott handlekupp etter det vi såg som kom inn på innsamlinga nyleg.

Frå styret i Sunnylven sanitetslag møtte vi Kari Hauso Stadheim, Solfrid Onsøien Lien og Hilde Langlo Brekke som tok mot det siste tinga som vart levert inn.

– Loppemarknaden er ei fast inntektskjelde for laget. Og skal det bli loppemarknad er vi avhengig av å få inn ting, noko det ikkje mangla på i år heller. Det vart både bruksting, pynteting og antikvitetar, så no håper vi kjøparane blir mange når loppemarknaden opnar under Hellesyltdagane laurdag 9. juli, seier damene i Sunnylven sanitetslag.

Eit bilde frå eit tidlegare loppemarked ved Kleivabusa rundt 1990? Auksjonarius då var Jan Ove Tryggestad, no ordførar i Stranda.
Eit bilde frå eit tidlegare loppemarked ved Kleivabuda rundt 1990? Auksjonarius då var Jan Ove Tryggestad, no ordførar i Stranda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380